TO OPPRYKK PÅ EIN DAG!

Det er sjeldan at ein klubb rykker opp i mars månad, og endå meir sjeldan med to opprykk på ein dag. Når det først skulle skje var det kjekt at det var oss det skulle skje med. Dermed blir det 4.divisjon for A-laget og 5.divisjon for Hyllestad/Dale 2.Kort fortalt er grunnen følgjande: Saga har trekt laget sitt frå 4.divisjon. Veitastrond fekk tilbod om å overta plassen, men takka nei. Dermed gjekk tilbodet til oss, som sjølvsagt sa ja. For Hyllestad/Dale 2 betyr det at dei overtek vår plass i 5.divisjon.

Dermed kan vi gle oss over at det blir 4.divisjon på Dingemoen og 5.divisjon på Hyllestad også denne sesongen.
Vi kjem tilbake med litt meir oppdateringar om A-laget sine sesongførebuingar etterkvart.