VI STRESSA TORNADO MÅLØY, MEN TAPTE TIL SLUTT

Vi gjorde ein heilhjarta innsats mot serieleiar Tornado Måløy og holdt nullen i halvannan omgang, men måtte til slutt sjå oss slått med 2-0. Dermed sikra Tornado Måløy seg KM-tittelen.

Vi gratulerer Tornado Måløy og ønskjer dei lukke til i kvalifiseringa til 2.divisjon.


Vi gjekk ut i ein 4-5-1 formasjon og la oss lågt og prøvde å halde laget samla. Dette lukkast vi svært godt med. Bortsett frå eit stolpeskot tidleg i kampen skapte serieleiaren svært lite og vi hadde god kontroll. Vi rekna vel ikkje med å skape så mykje sjølv heller, men hadde to farlege sjansar som fort kunne gitt utteljing.


Kampen heldt fram i same spor etter pause og utover i kampen begynte vi verkeleg å få tru på at dette kunne gå vegen.


Tornado Måløy verka frustrerte og skapte lite, men halvegs ut i omgangen fekk dei det forløysande målet. Etter scoringa hadde vi vel i grunn lite å stille opp med. Tornado Måløy auka til 2-0 og kunne fort ha scora eit par mål til. Vi på vår side skapte ikkje særleg mykje, men Kennet hadde ein kjempesjanse til å redusere til 2-1  og dermed skape ny spenning i kampen.


Alt i alt ein godt gjennomført kamp der vi nesten lukkast med planen vår. Etter fleire nedturar siste tida gav denne kampen håp om at løpet ikkje er køyrt og at det faktisk er mulig å greie 6.plassen.


Vi møter Florø heime og Årdal borte i dei to siste kampen, og alt tyder på at vi må ha full pott i begge kampane for å greie den ettertrakta 6.plassen. Sjølvsagt blir det tøft, men kampen mot serievinnar Tornado Måløy viste at det er fullt mulig.


Kampfakta, Firdaligaen


Tornado Måløy – Dale 2-0 (0-0)


Måløy stadion


295 tilskodarar


Mål:


1-0 67 min. John Martin Gil


2-0 80 min. Endre Kupen


Dommar: Ronny Hopland, Skavøypoll


Lagoppstilling:


Knut Strand Løseth, Geir Loneland, Alexander Myklebust, Erlend Osland, Gaute Lundeland, Runar Aune, Kristian Aase, Martin Tonning, Einar Aase, Vegard Dyrstad, Einar Furset


På benken:


Kennet Vik (for Einar Aase i 71. min), Tor Ivar Aase Dale (for Kristian i 71. min), Jan-Anders Tonning Wichstrøm (for Einar Furset i 84. min), Ashab Muskadzjijev (for Vegard i 84. min), Stian Neset