VIKTIG SIGER FOR A-LAGET

Tommy si scoring kun nokre minutt etter at han var bytta inn avgjorde onsdagens kamp mot Høyang på Sletta i vår favør. Dermed sikra vi oss tre svært viktige poeng og er no i realiteten berga dersom kun to lag rykker ned.Skulle derimot tre lag rykke ned er vi nok truleg avhengig av ein siger til.

Høyang vart redusert til 10 mann etter 20 minutt då ein av spelarane fekk sjå det raude kortet på grunn av munnbruk,.

Utfrå spel og sjansar var dette ein fortent siger. Vi skapte fleire store muligheiter i 2.omgang og burde ha punktert kampen og ikkje laga slutten så spennande..

Kampfakta, 4.divisjon

Høyang – Dale 0-1 (0-0)
Sletta

Mål:
0-1 62 min, Tommy Holm

Gult kort: Joachim Måren, Høyang

Raudt kort: Sverre N. Dingsøyr, Høyang (i 20.min)

Dommar: Vegar Rørvik, Kaupanger

Lagoppstilling:
HÅkon Thuland, Richard Skår, Kennet Vik, Martin Tonning, Ole Petter Mundal, Idar Haugen Rochlenge, Kees Erstad, Henrik Kummeneje, Einar Aase, Nickolai Macpherson, Jan-Anders T. Wichstrøm

På benken:
Norodd Myklebust, Tommy Holm (for Einar i 58. min), Bendik Vik (for Kennet i 85. min), Asjab Muskadzjijev, Vegar Kjos